Systematisk pårørandearbeid og tilpassa avlastingstilbod for personar med demens
Dagaktivitetssenteret bidreg til ein meiningsfull kvardag gjennom aktivitetar og meistring. Å komme tidleg inn, få kontinuitet i oppfølginga og å tilpasse aktivitetstilboda har vore viktig.
Foto: Illustrasjonsbilde
Bakgrunn
Førde kommune oppretta dagaktivitetstilbod til personar med demens i 2012. I etableringsfasen og utvikling av tilbodet har ein bygd på erfaring med tidlegare satsing som demensteam og ressurspersonar i heimetenesta. Samstundes var det behov for å etablere samarbeid med frivillige og støttekontaktar, og å styrke pårørandearbeidet. Etter kvart var det eit ynskje om å kartlegge behovet for ulike avlastningstilbod til denne brukargruppa. Etablerte og nye fora og kontaktpunkt med pårørande og tilsette har vore brukt for å komme i dialog rundt desse behova. Utviklingsarbeidet er gjennomført i tre fasar og er støtta gjennom tilskotsmidlar frå Helsedirektoratet.
Mål
Overordna mål:
Førebygge slitasje og stress hos pårørande ved krevjande omsorgsoppgåver,gjennom arbeid i tre fasar:
- Meiningsfulle aktivitetar, pårørandearbeid, frivillige/ støttekontaktar
- Å komme tidleg inn etter diagnose, ressurspersonar
- Systematisk pårørandearbeid og tilpassa avlastingstilbod
Fasane kan ein forstå som delmål i prosjektet, og det har vore arbeidd parallelt med ulike tiltak gjennom delar av prosjektet. Brukarar, pårørande og tilsette har hatt ei aktiv rolle i heile prosjektperioden.
Tiltak og gjennomføring
- Meiningsfulle aktivitetar, pårørandearbeid, frivillige/ støttekontaktar knytt til dagaktivitetssenteret
Å halde fokus på eit mangfald av meiningsfulle aktivitetar tilpassa meistringsnivået til kvar einskild pasient har vore sentralt.
Eit eige «pårørandeprogram» ved dagaktivitetssenteret med særleg fokus på: støtte og rettleiing i kvardagen, legge til rette for formelle og uformelle møtepunkt, erfaringsutveksling med andre pårørande.
Systematisk opplæringsprogram for frivillige og støttekontaktar har ført til at ti frivillige i dag er tilknytt dagaktivitetssenteret.
- Å komme tidleg inn etter diagnose, ressurspersonar
- Systematisk pårørandearbeid og tilpassa avlastingstilbod
Eit eige pilotprosjekt der vi systematisk har arbeidd for å fange opp behov for avlasting hos pårørande til demenssjuke pasientar, saman med fleire dialogpunkt med pårørande og tilsette - har tilført prosjektet verdifull informasjon om behov for «tidleg inn» og for tilpassa avlastingstilbod. Artikkel er under skriving.
Erfaringer
På hvilken måte har prosjektet bidratt til utvikling gjennom kunnskap?
Prosjektet har lagt grunnlaget for vidare arbeid med «Systematisk oppfølging etter demensdiagnose». Rapportane gjev anbefalingar til kommunen i det vidare arbeidet med tenestetilbodet til personar med demens.
Hvilke erfaringer har dere gjort, som dere tenker at andre kommuner kan ha nytte av?
I systematisk pårørandearbeid og tilpassa avlastingsarbeid for personar med demens må ein arbeide på fleire områder samstundes. Pårørande må tilstrekkeleg reknast med, mellom anna for å synleggjere dei mange skjulte behova for avlasting. Helsepersonell som kjem i kontakt med pasientar og pårørande må arbeide meir aktivt for å få pasienten vidare i systemet, tilby hjelp, og orientere om hjelpa som finnast. Det er nødvendig med fleksible og differensierte aktivitet- og avlastingstilbod. Fokus på kontinuitetsutfordringar i tenesta er særs viktig for demenssjuke pasientar.
Hvilke tiltak kan igangsettes for å spre kunnskapen til hele kommunen/evt. andre USHT sentre?
- Internundervisning i heimeteneste pågår, med særskilt fokus på demensutfordringar og pårørandearbeid hausten.
- Sikre overføring av kunnskap til det interkommunale prosjektet «Systematisk oppfølging etter demensdiagnose».
- Ta imot hospitering frå andre kommunar
- Innlegg på møter/konferansar lokalt, regionalt, nasjonalt
- Omtale på lokal nettside og den nasjonale sida.
- Regionale og nasjonale nettverkssamlingar for utviklingssentra
Resultater
Vi har i tråd med målsettinga
- Vidareutvikla meiningsfulle aktivitetar ved dagaktivitetssenteret
- Vidareutvikla og systematisert pårørandearbeidet ved dagaktivitetssenteret
- Utarbeidd og gjennomført opplæringsprogram for frivillige/ støttekontaktar ved dagaktivitetssenteret
- Gjennomført pilotprosjekt «å komme tidleg inn» for å fange opp behov for avlasting i tidleg fase
- Gjennomført dialog med pårørande og helsepersonell om individuell tilrettelegging av avlastinga etter behov
- Spreie kunnskap og erfaringar, og rettleie andre kommunar
Samarbeidspartnere
Høgskulen på Vestlandet