MULTICARE - Det fleirkulturelle stabsfelleskapet i norske sjukeheimar
MULTICARE skal forske på utvikling av, og arbeid i, dei kommunale helse og omsorgstenestene i Noreg med særskilt fokus på arbeid som ein integrerings- og inkluderingsarena for innvandrarar. Prosjektet er finansiert av Noregs Forskingsråd (NFR) gjennom programmet HELSVEL og er leia av Senter for omsorgsforsking Vest (SofV). USHT Sogn og Fjordane er særskilt inne i arbeidspakke 3: Kunnskap og trening av leiarar for multikulturell stab.
USHT Sogn og Fjordane: Samarbeidspart
Ansvarleg: Senter for omsorgsforsking Vest
Finansieringskilde: Noregs Forskingsråd (NFR)
Bakgrunn
Norske styresmakter krev at praksisen i sjukeheimar skal vere basert på forsking. MULTICARE vil bidra til dette gjennom å inkludere leiarar og tilsette på sjukeheimane frå prosjektstart til prosjektslutt, og ved å samarbeide med USHT i Oppland og Sogn og Fjordane. I samarbeid skal det utprøvast ny kunnskap knytt til leiing av multikulturell stab.
Meir omtale av forskingsprosjektet på heimesida til Senter for omsorgsforskning vest, HVL: https://www.hvl.no/prosjekt/521351/
Mål
Forskingsprosjektet skal sjå på korleis sjukeheimar organiserer omsorgsarbeidet, tenestene og den multikulturelle staben. Sentrale spørsmål er:
- Kva typar av utfordringar og moglegheiter, organisatoriske, sosiale og eksistensielle, erfarast av ulike aktørar i multikulturelle arbeidsfellesskap ved norske sjukeheimar?
- Kva praksisar, rutinar eller tiltak finst det på ulike nivå som er retta direkte mot desse utfordringane og moglegheitene?
Metode / tiltak
Prosjektet har fire arbeidspakkar med følgjande forskingsfokus;
- Rekrutterings- og inkluderingspraksiser ved sykeheimer i rurale og urbane strøk
- Leiarskap og praksisar kring integrering av etniske minoritetar i arbeidsfellesskapa.
- Kunnskap og trening av leiarar for multikulturell stab.
- Kommunikasjon av, og praksisar knytt til, pasientars død i eit multikulturelt og multireligiøst arbeidsfellesskap.
Ved å nytte ei blanding av ulike forskingsmetodar vil me kartlegge problemstillingane og få innsikt i erfaringane til dei ulike aktørane på, og knytt til, sjukeheimane. Metodane vil mellom anna vere deltakande observasjon, intervju og fokusgruppe-intervju med leiarar, tilsette ved sjukeheimane, brukarar og pårørande.
Arbeidspakke 3: Ein implementeringsstudie som kombinerer generelt feltarbeid med utvikling, pilotering og evaluering av eit etterutdanningsprogram (samskaping, der alle aktørane er aktive deltakarar i heile prosessen).
Overordna målsetting for arbeidspakke 3:
- Å utvikle og implementere ei etterutdanning for leiarar i kommunale helse- og omsorgstenester
- Gje leiarar i kommunale helse- og omsorgstenester tilbod om eit kompetanseløft som ikkje eksisterer pr i dag
Resultater
Prosjektet er inne i publiseringsfasen. Det blir arrangert ein avsluttande konferanse i Bergen i april 2020.
Førebels resultat av arbeidspakke 3: Kunnskap og trening av leiarar for multikulturell stab:
- Utarbeidd kursplan og pilotert «Etterutdanning i mangfoldsledelse for kommunehelsetjenesten» (vedlegg)
Nettsida «Mangfoldsledelse for kommunehelsetjenesten» https://blogg.hvl.no/mangfoldsledelse/
Samarbeidspartnere
Senter for omsorgsforsking (vest og aust), Uni Research Rokkan, Universitetet i Stavanger, Stavanger Universitetssjukehus, The Netherlands Institute for Health Service Research (NIVEL), USHT Oppland og USHT Sogn og Fjordane.