POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi
Kunnskapsklynga POLYFON skal stimulere til kunnskaps-, kompetanse- og tenesteutvikling, samt informasjon og formidling. Kunnskapsklynga består av kommunar, helseføretak, kompetanse- og forskingsmiljø som ser at musikkterapi kan bidra til inkludering, deltaking og meir ressurs- og brukarorienterte tenester, og som ynskjer å bidra til utvikling av feltet på ein systematisk og kunnskapsbasert måte. Vestland (Sogn og Fjordane) deltek i POLYFON gjennom eit partssamarbeid mellom fylkeskommunen, helseføretaket, høgskulen og utviklingssenteret.
USHT Vestland (Sogn og Fjordane), samarbeidspart. Kontaktperson USHT: Marta Strandos: mast@sunnfjord.kommune.no
Ansvarleg: UiB, Griegakademiet. Prosjektleiar: Professor Brynjulf Stige
Finansieringskilde: Partnarane finansierar drift og nettverkskostnader. GC Rieber Fondene bidrog med vesentlige beløp til finansiering av forsking og utviklingsarbeid i POLYFONs første prosjektperiode.
Bakgrunn
POLYFON vart etablert i 2015 og går no inn i sin andre prosjektperiode. Dei fire samarbeidspartnarane i fylket har hatt status som observerande deltakar januar 2015, men vart frå november 2017 fullverdig medlem av kunnskapsklynga.
Les meir om POLYFON her: https://gamut.w.uib.no/polyfon/
Mål
Målet for prosjektet er å bygge Vestlandet til ein nasjonal og internasjonal føregangsregion innan musikkterapi. Griegakademiet ved Universitet i Bergen er prosjektleiar.
Metode / tiltak
Griegakademiet, UiB, koordinerer arbeidet i klynga.
Polyfon har fem satsingsområde:
- Barn og unge
- Psykisk helse
- Rus
- Eldrehelse
- Palliativ omsorg
I partssamarbeidet i Sogn og Fjordane i 2018:
- Organisere samarbeidet og velje representant til styringsgruppa
- Arbeide vidare med den lokale fagplanen (aktivitetar knytt til dei fire organisasjonane)
- POLYFON konferansen 2018
Samarbeidspartnere
- Aleris Omsorg Norge
- Bergen kommune
- Betanien sykehus
- Fjell kommune
- Griegakademiet – Institutt for musikk, Universitetet i Bergen
- Haraldsplass Diakonale Sykehus
- Helse Bergen
- NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus
- Partssamarbeid Sogn og Fjordane (Sogn og Fjordane fylkeskommune, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet (Fakultet for helse- og sosialfag) og Utviklingssenteret for heimetenester og Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane)
- RKBU Vest – Regionalt kunnskapssenter for barn og unge
- Stiftelsen Bergensklinikkene
- Uni Research Helse